Log inSign up free
  • Home
  • Profile
  • Jobs
    • Applications
    • Career
    • Resume
    • Cover letters
  • Content
    • Posts
    • Media
  • Messages
  • Analytics
    • Overview
    • Pages
    • Events
  • Portfolio
  • More tools
    • Hiring
  • Settings
All jobs
VIVisere logo

Visere

Florø, NO

Senior økonomikonsulent - Progresso AS.

SENIOR LEVEL

Progresso AS søkjer ein fagleg sterk og engasjert senior økonomikonsulent som vil ta ansvar for eiga kundeportefølje og bidra til gode løysingar for kundane våre. Hos oss får du ei rolle med fagleg breidde og moglegheit til å utvikle deg vidare i eit solid fagmiljø.

Vi er i dag 11 engasjerte kollegaer som held til i moderne lokale på Horne Brygge i Florø. I same bygg finn du søsterselskapet vårt, ECIT Services – saman utgjer vi eit fagmiljø med 26 medarbeidarar i Florø og Førde. Trivsel, samhald og fagleg utvikling er viktige verdiar hos oss, og vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der du både kan prestere og trivast. Progresso har høg kundetilfredsheit og eit sterkt omdøme i regionen, noko som speglar kvaliteten i leveransane våre.

Auka pågang frå nye kundar gjer at vi no ønskjer å styrke laget. Kundeporteføljen vår er variert og gir gode moglegheiter for både fagleg fordjuping og brei erfaring. Vi søkjer ein lagspelar som ønskjer å bidra til vidare vekst og utvikling - både hos oss og hos kundane våre.

Sentrale ansvarsområder og arbeidsoppgåver

  • Ansvar for eiga kundeportefølje

  • Løpande rekneskap og rapportering

  • Årsoppgjer og skattemelding

  • Deltaking i større rekneskapsoppdrag

  • Rådgjeving og dialog med kundar

  • Vidareutvikling av leveransar og tenester til eigen portefølje

  • Fagleg støtte og kvalitetssikring internt

  • Moglegheit for spesialisering innan bransje, deltaking i nasjonale oppdrag eller kortare utleigeoppdrag hos kundar


Dette kan vi tilby deg
I Progresso brukar du erfaringa di både i rekneskapsarbeid og i rådgjeving mot kundane, og du får høve til å bidra i utviklinga av tenestene våre. Du vert ein del av ei verksemd som satsar på moderne, effektive og digitale løysingar. Vi ønskjer å vere i førarsetet når det gjeld utvikling av arbeidsprosessar og teknologi, og du vil få ta del i dette arbeidet.

Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar og eit arbeidsmiljø der vi legg stor vekt på trivsel, kultur og fagleg utvikling. Som medarbeidar hos oss får du tilgang til ECIT Academy sitt kompetanseutviklingsprogram, der du kan delta på kurs, samlingar og nettverk på tvers av avdelingar og fagområde.

Kven er du?

Som person trur vi at du er engasjert, nøyaktig og opptatt av å skape gode relasjonar – både til kundar og kollegaer. Du arbeider sjølvstendig, men trivst òg i samarbeid med andre, og du tek initiativ når du ser rom for betring eller utvikling. Du har ei naturleg interesse for faget, held deg oppdatert og ønskjer å bidra positivt til arbeidsmiljøet rundt deg.

Vi ser for oss at du har:

  • Erfaring innan rekneskap og/eller revisjon

  • Relevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap og/eller revisjon

  • God kjennskap til regelverk og fagområde

  • God evne til å formidle fag på ein tydeleg og forståeleg måte

  • God systemforståing og trygg i bruk av digitale løysingar

  • Trivst med kundekontakt og jobbar proaktivt for å avdekke kunden sine behov

  • Delingsorientert og opptatt av å bidra til eit godt fagmiljø

  • Autorisasjon som rekneskapsførar er ein fordel, men ikkje eit krav

Lyst til å ta ein prat om stillinga?

Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Asbjørn Grini – 917 94 825 / asbjorn@visere.no

Alle søknadar vert behandla fortløpande.


Om selskapet:

Progresso AS vart etablert i 2003 og har for tida 11 tilsette i Florø. Progresso er ein del av ECIT, eit av Nordens største teknologi- og økonomihus med 3000 tilsette og ei omsetning på om lag 4 milliardar. Vi tilbyr ei komplett pakke innan økonomi og IT, og arbeider kvar dag for å gjere det enklare for kundane våre å drive selskapa sine. Entreprenørskap er viktig for oss, og du møter ein partnar uansett kva kontor du besøker. Vi meiner den lokale kunnskapen, engasjementet og tilstadeveret er viktig for å skape eit engasjerande arbeidsmiljø, og for at kundane våre skal lukkast. Vi satsar på utvikling av medarbeidarane våre, og det finst gode moglegheiter for å realisere karrieremåla dine hos oss. Sidan selskapet vart etablert i 2013, har vi vakse til eit konsern med kontor i Noreg, Sverige, Danmark, England, Polen, Litauen, Tyskland, Finland og Island. ECIT er framleis eit ungt selskap med store vekstambisjonar, og som medarbeidar hos oss får du vere med på den spennande reisa.

Bedriftskulturen vår er prega av verdiane våre: Integritet, Mot, Open kommunikasjon og Entreprenørskap. I ECIT brukar vi verdiane våre for å nå dei strategiske måla våre. Dei fungerer som rettesnora vår og rettleier oss i både store og små val.

Pay
Not stated
Where
Florø, NO
Work
Not stated
Type
Not stated
Posted
18 Apr, 2026
Apply on the original postingSign in to prepare an application

Verified board

more at Visere.

29 Nov, 2024

Visere

Ønsker du neste steg i karrieren din? Vi søker kompetanse innen IT.

VIVisere logo
  • Engineering

Location not stated

Salary not listed

Details
16 Nov, 2025

Visere

Nettverksingeniør - Enivest AS

VIVisere logo

    Førde, NO

    Salary not listed

    Details
    6 Mar, 2026

    Visere

    HAV Elektro AS - Ingeniør

    VIVisere logo

      Bergen, NO +1

      Salary not listed

      Details

      similar roles.

      17 Oct, 2026

      corebridgefinancial.com

      Operations Processor II

      CCcorebridgefinancial.com logo

        TX-Amarillo

        Salary not listed

        Details
        17 Oct, 2026

        corebridgefinancial.com

        Proposal Writer, Business Case Development

        CCcorebridgefinancial.com logo

          TX-Houston

          Salary not listed

          Details
          16 Oct, 2026

          Mob Entertainment

          Senior Animator

          MEMob Entertainment logo
          • Senior level

          $111k–139k/yr

          United States

          Details
          16 Oct, 2026

          Concert Health

          PA Licensed Clinician - LCSW or LPC - Behavioral Health

          CHConcert Health logo
          • Remote

          $56.7k–90.8k/yr

          Pennsylvania +1

          Details
          16 Oct, 2026

          Cortica

          Pediatrician

          COCortica logo
          • Part time

          Irvine +2

          Part time

          Details
          16 Oct, 2026

          Cortica

          Pediatrician

          COCortica logo

            $192.1k–240.1k/yr

            Charlotte +2

            Details